REFERAT – april
Styremøte i Silda Velforening (SiVe) 30/4-2018
På silda Grendahu
Tid: Kl.16.30
Tilstades: Tore Johansen, Unni Silden Hennøen, Paul Sundnes, Gerda Silden Totland, Leif Magne Wiik
Varemedlem: ingen
Sak 10/ 18 Konstituering
Vedtak: Tore Johansen – formann, Unni Silden Hennøen – kasserar og Paul Sundnes vart gjennvalde.
Sak 11/18 Båtrute på helgedagar
Øyglimt v/ Idar Silden hadde send fleire meldingar til SiVe med informasjon om systemet for ruteavtalen. Dette forklarte korleis tilbodet på båttransporten til øyane i S&Fj fylkeskommune har vorte for den gjeldande perioden.
Det viser seg at Årsmøtet i SiVe hadde for dårleg grunnlag for vedtaket som var gjort.
1. Fjord1 vann tilbodsrunden for båtruten i fylket
2. Fjord1 fekk avtale med Florø skyssbåt som skulle ta oppgåva med transporte
3. Florø skyssbåt gav oppgåva med transport frå Måløy til øyane til Øyglimt.
4. Øyglimt har hatt morgonruta «på annrop» – ruta går berre om der er transportbehov.
5. Øyglimt har til Silda gått ekstraturar (innsparte morgonturar)på helgedagar ved transport-behov. At dette ikkje skjedde 2. påskedag i år får vi vite er fordi morgonruta til Silda har gått kvar dag i 2018
SiVe har sendt sin resolusjon på feil grunnlag – manglande fakta-kunnskap
Vedtak: Silda Velforening sender melding til S&Fj fylkeskommune og Øyglimt, der vi beklagar at vi på generalforsamlinga gjorde vedtak med klare faktafeil.
Vi er, og har vore, svært nøgde med Øyglimt si drift av sambandet Måløy-Silda.
Silda Velforening og meiner det er heilt unødvending å gå morgonruter når ingen treng den, dette er miljøsløsing. Vi støtter Øyglimt sin tradisjon med å gå søndagsrute på variable helge- og fridagar.
Sak 12/18. Arrangement på Silda St. Hans 2018
Gerda gjorde framlegg om at SiVe må støtte planlagd St Hans-feiring. Det er planar om å markere trefellinga med eit Jonsokbål av sidkagranbar. Skjerbuda vil ha ope og servere graut. Gerda vil vite om SiVe kan støtte arrangementet.
Vedtak: Gerda får fullmakt til å finne samarbeidspartar til arrangement, i samarbeid med Skjerbuda. Gerda kan disponere inntil 1000 kr til premiering av evnt barne arrangement på St Hans.
Sak 13/18 Arrangement i fellesferien
Tradisjonelt har det vore ein større felles dugnad, eit baren-rebusløp og felles grillfest på skuleplassen i fellesfeiren. Frammøtet til rebusløpet var i 2015 og 2016 dårleg opplyste Paul. Neste styremøte vert i juli då må dugnad og grillsamling drøftast.
Vedtak:
a. Felles grillsamling på skuleplassen vert arrangert på kort varsel, når veret ser lovande ut.
b. Det må gjennomførst ein dugnad på stiane og gjere ferdig rydding av stien til Djupevågen. Leif Magne tek oppgåve med, gjennom FB, å få sette igang innsamling av kapp, til klopper i dei våtaste områda. Han skaffar nødvendig utstyr, SiVe betaler.
c. Nødvendig utstyr til vedlikehald, av fellesareal på Silda, kan skaffast og oppbevarast i inste rommet i «kontaineren» på kaia.
Sak 14/18 Turkartsaka – Informasjonplate
Paul orienterte om kva som har skjedd i saka og kontakt med Filip Kujawski i Vågsøy kommune våren 2016 og 2017 med kontakt på e-post og telefon. Turkart og kartplate trengst for å fullføre tursti- prosjektet, med utbetaling av sluttilskot frå Gjennsidegestiftinga (GS)
Vedtak: Paul tek kontakt med Odd Gunnar Myre og Janne Midtbø Vågsøy kommune forn å prøve å få fart i saka.
Kartplate kan bestillast om kostnaden er mindre enn sluttilskotet frå GS, men først etter e- postgod- kjenning i styret.
Sak 15/18 Brannsløkkingsutstyr på Silda.
Leif Magne stiller spørsmål om kva som finst av brannsløkkingsutstyr på Silda. Kan det vere ein tanke å få på plass ein del utstyr, ATV med vogn, punpe og slangar.??
Vedtak: Leif Magne undersøkjer litt omkring dette spørsmålet til neste styremøte.
Sak 16/18 Blom fiskeoppdrett
Gjennom postlista til Vågsøy kommune har det blitt kjendt at ordførar Kristin Maurstad saman med Øyvind Blom reiste til Oslo 26. april, for å få Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å omstøyte vedtaket til Fylkesmannen, på bakgrunn med påstått feil sakshandsaming.
På årsmøtet i påska vart Sindre Langlo og Rolf Frøysa valde til å følg med på denne saka og reguleringsarbeidet i sjøområda ved Silda.
Vi kontakta Sindre, pr. telefon, som opplyste at dei har vore i kontakt med dep. Det er ikkje gjort vedtak etter møtet og informasjon frå møtet er B-stempla, som arbeidsdokument. Det kan ikkje gjerast noko meir i denne saka før dep. har gjort sitt vedtak.
Vedtak: Styret avventar kva som vert vedtaket i departementet.
*************Tidlegare styreprotokollar************
Styremøte februar > møte mars > møte april >
Styremøte 9. mai 2017 > Styremøtet 10.juli 2017
Styremøte 9. juli 2016 > Takkebrev til Vågsøy kommune
Styremøtet 11.juli 2015 > Avtale med «Fernandobuda»
Styremøtet 17. april 2014 Styremøtet 11. juli 2014
Styremøtet 19. feb. 2013 Styremøtet 13.mars 2013 Styremøtet 18. mai 2013 Styremøtet 23. juli 2013
Styremøtet 19. april 2012 Styremøtet 19. mai 2012 Styremøtet 28 juli 2012
Styremøte 3 mars 2010 Styremøte 13 april 2010