Oppgradering 2023

Ombygging for å auke reinsekapasiteten

Dei to trufaste tilsynsmenn – Helge og Alfred Silden- har over tid halde tilsyn og utført vedlikehald på Silda vassverk. Det vellukka reinseanlegg har no vore i drift sidan 2016 og fungert godt, mykje grunna desse karane sitt trufaste tilsyn.
Over tid har dei gjort mange forsøk å å gjere tilsynet enklare og meir effektivt.
Reinseanlegget har to stort sandfilter, som skal spylast for humus(jord-partikklar), noko som kan gjerast automatisk. Ofte har dette teke lang tid, grunna liten vasstilstrøyming og lite trykk, fordi anlegget var kopla til nederste bassenget. Dette har vore eit problem særleg om sommarane med mykje folk. Då har spylinga blitt gjort på natta for å unngå fall på vasstrykket hos abonnentane.
16. september 2023 oppdaga eg at karane var på veg til reinseanlegget. Dei to hadde då ein plan for å få auka trykk og unngå vassmangel for dei høgstliggande abonnentane.

Planen var
1. Nedtrapping av nederst basseng, starta dagen før.
2. Kople saman røyra frå toppbasseng, med røya til reinseanlegget.
3. Få trykk frå toppbassenget -direkte til reinseanlegget.

Anlegget har to stort sandfilter, som skal spylast for humus(jord-partikklar) som kan gjerast automatisk. men ofte har dette teke lang tid, grunna lite vasstilstrøyming og svakt trykk, fordi anlegget var kopla til nesderste bassenget. Denne dagen i september var nok opphaldsver menmed jamt tilsig i nederste bassenget. Karane kjempa med vasstilsiget, sveita på og plagast hordeleg med å få på plass skøyten som seinare skal ligge under vatn.
Vatnet steig og steig og eg tok til å tru at dette vill ende dårleg. Etter 3 rimar returnerte eg til middag, og karane stod på for å få på plass skøyten. Etter mykje problem fekk karane skøytt saman røyra, men då skulle dei nok hatt våtdrakt.
TIL SLUTT LUKKAST DET Som observatør vil eg seie Hurra, for innsatsen.

Silda vassverk er eit godt eksempel på kva eit fellesskap kan få til –med drivande leiarar.
No kan spylinga gå effektivt og raskt. Resultar:
– Sparing på tilsetting av salt – redusert driftskostnad
– Mindre forbruk av UV-røyr – redusert driftskostnad
– Vatn frå det vesle nederste bassenget kan, ved turke, pumpast opp i toppbaseenget.

Silda vassverk leverer vassprøver 2 gonga om året og har til no ikkje fått påvist kolibakteriar.
Som kjøpar av vatn vil eg gratulere karane med flott arbeid, Eg vedgår gjerne at eg ikkje hadde tru på at det kunne bli eit reinseanlegg på Silda –som kunne fungere. Eg kjende til mange stadar der har dei har prøvd med små anlegg med mykje plage og dårleg resultat. No har Silda Vassverk fungert i 7 år