Under Napolionskrigane frå 1800-1810 var Silda sentral i observasjons og vakttenesat for kysten. Silda hadde då orlogsstasjon med eigen kanonjolle. På øya (truleg på Varden) var det montert ein klappetelegraf, (sjå artikkel nr 1). Kor mange gastar som var stasjoner på Silda veit vi ikkje.
Her er tre artiklar skrevne av Harald Jarl Runde og publiert i Vestlandsnytt- Fosnavåg.
Runde er historisk interessert lærar, busett i Naustdal.
Napolionskrigen1 Napolionskrigen2 Napolionskrigen3-a
VESTLANDSNYTT
Artikkelserie i lokalavisa august 2010
Av Harald Jarl Runde
fiendtlige kryssere
DEL 1
Kongeriket Danmark-Norge hamna i 1807 inn i
oppgjeret mellom stormaktene i Europa. Kongen i
København heldt seg til tidas mektigaste mann,
keisar Napoleon av Frankrike. Han kunne ikkje
annleis gjere, etter at England hadde rana
størstedelen av orlogsfloten som låg oppankra og
nedtakla i København. Såleis vart den tradisjonelle
og viktige handelspartnaren for Norge, England,
«fienden»
Men Napoleon blei ikkje herre på havet. Det vart
England, som blokkerte fraktefart og handel mellom
Tvillingrika. Og etter kvart som det hardna til, vart
blokaden utvida til heile kysten like til Finnmark og
den siste opne vegen ut, Kvitsjøen og farten på
Arkhangelsk.
Kystvern og telegrafar
I Norge vart det på kort tid bygt opp ein marinestyrke
av mindre kanonbåtar, brukte til vakt- og
konvoiteneste for den viktige kystfarten med jekter og
andre farty. Stort sêtt all varetransport gjekk sjøvegen
og trafikken langs kysten var stor. Såleis var det i alt
1 45 handelsfarty som passerte Stadt dei to
månadane mai og juni 1809.
Men, som det skulle vise seg, kanonbåtane var lite
sjødyktige når dei måtte utaskjers og fekk bårer og
bylgjer innover seg. For å sikre leia rundt Staden,
vart det plassert ut slike båtar i Kinn og Silda
ønnafor og i Ålesund nordafor. Vanlegvis var det
byte av eskortefarty i Haugsholmen, Sandshamna
eller Flåvær.
Alle heimeverande mannskap i kystlegdene som
ikkje alt var utkommanderte i krigen – dvs på øyane
og inntil ei mil frå kysten – vart etter modell frå
Danmark organiserte i eit Kystværn. Oppgåvene var
vaktteneste og hindre landgang og raid av fienden.
Trass i dårleg væpning og lite militær røynsle, makta
Kystværnet stort sett oppgåvene sine.
lnnkalling av mannskapa i Kystværnet, til
møteplassane, var eit intrikat system frå godt
synbare «Hovedpuncter» og «lntermediære Puncter»
med eldbrisingar, brennande tjeretynner, alarm- og
signalstenger.