Oppstartmøte

I 2015 kom det fleire krav til Silda, om å skaffe godkjend vassforsyning. Det vart drøfta fleire løysingar, også legging av røyr frå Raudeber. Styret for Vassverket fekk fleire krav og det vart innhente tilbod på private reseanlegg for kvart hus. Nokre gjekk til innkjøp, men kvaliteten på råvatnet var for dårleg med mykje humus og det  måtte også instalerast grovrensing for humuspartikklar.
På våren tok styremedlem/sekretær i laget, Merete Wik Silden,  kontakt med Mattilsynet for å høyre korleis ein kunne imøtekomme mattilsynet sine krav i «Forskrift om vannforsyning av drikkevann»  www.lovdata.no 

Det blei kalla inn til eit uformelt møte i gymsalen på skulen, der Merete refererte til mattilsynet sin informasjon. Der vart kravet frå Næringsmiddeltilsynet drøfta med  ulike løysingar, inklusiv innkjøp av eige renseanlegg for øya. På dette møtet sa Helge Silden seg villig til å bidra,  og eit nytt møte vart planlagt til 5 april 2015

Laurdag 5. april 2015 var det eit orienteringsmøte på Silda Grendahus.  Helge Silden orienterte om Næringsmiddeltilsynet sine truslar, om  det ikkje vart levert prøver av godkjent vatn frå vassverket.
Fleirtalet, av dei frammøtte, bad Helge Silden om å ta kontakt med Næringsmiddeltilsynet og avklare konflikta.

Laurdag 18. juli vart det kalla inn til orienteringsmøte på Silda Grendahus.
Helge Silden orienterte dei frammøtte om kva han hadde funne ut under møte med Nordfjord Næringsmiddelkontroll.
Helge sin konklusjon var at reinsing må til.  Alle, som er fleire på ei vasskjelde, vil bli underlagt kontroll.
I denne omgang var det vasskjelder som har meir enn 20 abonnentar som vert prioriterte, seinare vert dette utvida, fekk Helge opplyst.
Helge hadde innhenta pristilbod for eit enkelt filter og UV-reinseanlegg, og fått ein pris på 250.000 kr + kostnad med bygging av hus for anlegget og kopling av rør.

Konklusjon:   Løysinga for  Silda kan gjerast på tre måtar.

1. Knyte seg til Vågsøy vassverk – med sjøleiding og høgdebasseng på Silda. Kostnad estimat: 4-5 mill +   årsavgift til Vågsøy vassverk 6 -8.000 pr år

2. Kvar husstand får bore og ordne si vassforsyning, fells forsyning frå Silda vassverk vert steng. Kostnad som for boringar – utført før: 60. 100.000 kr pr anlegg + vedlikehald

3. Starte arbeid med å etablere renseanlegg for noverande vasskjelde. Kostnad estimat: ca 500.000 + årsavgift til dekning av drift og betalt tilsyn.

Møtelyden var samde om at alternativ 3 var den mest tenkjelege løysinga.
Nokre følte at arbeidet måtte starte omgåande, men dette fekk ikkje samla tilslutning.

Framlegg om eit interimsstyre vart samrøystes vedteke.  Helge Silden, Alfred Silden og Merete Silden Vararepresentant: Herman Silden.

Interimsstyret orienterer abonnentane i silda vassverk  via e-post:
om framdrifta for  etablering av  reinseanlegg med  kostnader,  og avvikling av generalforsamling for å velje nytt styre for Silda Vassverk samt å gjere endeleg vedtak for utbygging.

Dei som ikkje registrerte si e-postadresse (på møtet 18. juli) må sende melding til Helge Silden: helge@seacon.no

******************************************************

reff: Paul S