{"id":1130,"date":"2015-07-05T22:19:28","date_gmt":"2015-07-05T21:19:28","guid":{"rendered":"http:\/\/silda.com\/?page_id=1130"},"modified":"2023-07-24T10:07:59","modified_gmt":"2023-07-24T08:07:59","slug":"johannessons-landhandel","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.silda.com\/?page_id=1130","title":{"rendered":"Landhandel og gjesteheim"},"content":{"rendered":"<p class=\"western\" style=\"text-align: center;\" lang=\"nb-NO\" align=\"left\"><span style=\"font-size: large;\">NYE HANDELSPLASSAR<\/span><\/p>\n<p>Silda er venteleg eit av dei eldste fiskev\u00e6ra i Selje, hamn for skip som laut bia p\u00e5 lagleg b\u00f8r til \u00e5 runda Stad p\u00e5 nordveg, og losstasjon for Stad-losane. Her kjem \u00f8ya med i det som er fortalt i utgreiingane om samferdsle, hamnestell og losstell.<\/p>\n<p>Nemnande handelsstad har det aldri vore. Noko var der no likevel av og til etter opplysningar i formannskaps-m\u00f8teboka for Selje.<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"left\">I 1865 opna Rasmus Johannesson landhandel og gjesteheim med \u00f8l- og vinrett her. Korleis han dreiv det, er ikkje opplyst. Han er nemnd sist i 1869 med 10 spdl. \u00e5rsavgift for \u00f8lsal.<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"justify\">Bakar Nils Olsen er nemnd her fr\u00e5 1868 og utetter. Til ny s\u00f8knad om handelsrett i 1874 er gjort denne merknaden: \u201dSkatter uerholdelig&raquo;. &#8211;<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"justify\">Til seljar hadde han Br\u00f8-Arne fr\u00e5 Stryn. Det vert fortalt at n\u00e5r han f\u00f8rde br\u00f8d til M\u00e5l\u00f8y, s\u00e5 selde han fr\u00e5 b\u00e5t etter som han rodde fram med land. Ut for gardar og grender i ruta ropa han s\u00e5 det ljoma inn mot land og lyste ut varene sine: \u201dNo e&#8217; her gode br\u00f8 og siropskake! Eg skal te&#8217; n\u00e5 Jakob Utigard (V\u00e5ge) med siropsbr\u00f8!\u201d<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"justify\">I 1876 har Johs. T. Engum teke over verksemda her.<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"justify\">I 1871 dreiv Arne 0. Visnes vanleg landhandel med rett til \u00e5 selja \u00f8l og vin p\u00e5 Flores salteri. Retten vart nya opp att i 1874, sia er han ikkje nemnd.<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"justify\">Peder Totland dreiv og saltebu her ei tid, men hadde slutta med det i 1874. D\u00e5 skriv han i ei klage p\u00e5 skatten, at han ikkje dreiv \u201dsalteri\u201d &#8211; d.e.sild-og fiskekj\u00f8p for sal &#8211; berre \u201dIosjihus\u201d.<\/p>\n<p lang=\"nb-NO\" align=\"justify\">&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>NYE HANDELSPLASSAR Silda er venteleg eit av dei eldste fiskev\u00e6ra i Selje, hamn for skip som laut bia p\u00e5 lagleg b\u00f8r til \u00e5 runda Stad p\u00e5 nordveg, og losstasjon for Stad-losane. Her kjem \u00f8ya med i det som er fortalt i utgreiingane om samferdsle, hamnestell og losstell. Nemnande handelsstad har det aldri vore. Noko var [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-1130","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1130","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1130"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1130\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1948,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1130\/revisions\/1948"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1130"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}