{"id":1110,"date":"2015-07-05T07:52:27","date_gmt":"2015-07-05T06:52:27","guid":{"rendered":"http:\/\/silda.com\/?page_id=1110"},"modified":"2015-07-05T21:50:58","modified_gmt":"2015-07-05T20:50:58","slug":"fangst-og-fiske-intervju-fra1956","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.silda.com\/?page_id=1110","title":{"rendered":"FISKE, (1956)"},"content":{"rendered":"<p style=\"text-align: center;\">Utdrag fr\u00e5 Edvard Os `bygdebok : SELJE OG V\u00c5GS\u00d8Y,<br \/>\nHenrik G. Solv\u00e5g fortel om fiskev\u00e6ret Silda:<\/p>\n<p>\u00a0\u00a0\u00a0\u00a0 F\u00f8r motorane kom var det p\u00e5 Silda 3 rorbuer med 2 losjirom til 2 b\u00e5tlag i kvart rom og 2 rorbuer med rom til 1 b\u00e5tlag i kvar. B\u00e5tlag elles leigde seg inn hj\u00e5 bygdefolket. S\u00f8rhamna vart nytta til b\u00e5tane.<br \/>\nDet var sv\u00e6rt grunt der, d\u00e5 som no. Nordhamna var ikkje noko serleg utbygd i den tida. S\u00f8rausten stod beint p\u00e5, s\u00e5 det kunne vera vanskeleg \u00e5 koma ut n\u00e5r vinden kom fr\u00e5 den kanten. D\u00e5 var det \u00e5 varpa og ro seg opp i h\u00f8gd, til det var r\u00e5d \u00e5 reisa segl. Det var berre b\u00e5tlag fr\u00e5 Selje som dreiv fr\u00e5 fiskev\u00e6ret Silda. Opp til 10 b\u00e5tlag kunne det vera her. Av desse hadde 6 &#8211; 8 lag tilhald i dei 5 rorbuene. Hine hadde salterom i naust og sm\u00e5buer som dei leigde hj\u00e5 bygdefolk.<br \/>\nL\u00e6kjaren laut vi henta sj\u00f8lve fr\u00e5 M\u00e5l\u00f8y n\u00e5r det trongst . Han hadde alle fiskev\u00e6ra i Selje og p\u00e5 V\u00e5gs\u00f8y i tillegg til tenesta elles. Noko slikt som sjukestove eller anna offentleg forsorg for fiskarane der veit eg ikkje om.<br \/>\nArbeidsdagen var ofte b\u00e5de lang og strid s\u00e5 lenge fisket stod p\u00e5. Vi laut opp kl. 4-5 om<br \/>\nmorgonen og var ikkje ferdige \u00e5 g\u00e5 til ro f\u00f8r i 11-12-tida om kvelden. Det var ikkje noko skift. Alle laut hanga i heile tida. N\u00e5r vi kom fr\u00e5 sj\u00f8en, var det \u00e5 laga mat og f\u00e5 seg noko til livs. Og s\u00e5 beint til arbeids med sl\u00f8ying, salting, egning og v\u00f8ling p\u00e5 b\u00f8rnskap og beine s\u00e5 alt var klart til utror neste dag.<br \/>\nI hardaste fiskesjauen fekk heller ikkje kvinnfolka spara seg, berre dei kunne sleppa heimanfr\u00e5. D\u00e5 laut dei koma til hjelp med ganing og salting i fiskev\u00e6ret i tillegg til det vanlege husarbeidet heime. Det var koner og gjenter som rodde heilt fr\u00e5 Barmen og hit, arbeidde her om dagen og rodde heim att til stellet i stove og fj\u00f8s om kvelden.<br \/>\nFarande kramkarar, klokkebytarar eller skreppehandlarar s\u00e5g eg ikkje noko til, og har heller ikkje h\u00f8yrt gjete at dei kom til Silda i fisketida. Det var no heller ikkje lagleg for dei \u00e5 fara til og fr\u00e5 her.<br \/>\nI eldre tid var det handelsmann og fiskekj\u00f8par med saltebu p\u00e5 Silda, men ikkje i mi tid. D\u00e5 salta vi kvar for oss og selde ferdig vare, kleppfisk og saltsild. Det kunne vera at det kom ein og annan og baud p\u00e5 den ferdige fisken, men handel elles var det ikkje der ute.<br \/>\nN\u00e5r eg no ser meg attende og minnest skiftande tider og k\u00e5r, d\u00e5 lyt eg undrast over det store omskiftet p\u00e5 ein s\u00e5 vidt lang arbeidsdag p\u00e5 sj\u00f8en : Fr\u00e5 det tunge slitet p\u00e5 ro og seglb\u00e5tane , d\u00e5 mannemakta var alt, til tida no med dekksb\u00e5tar for trygge, gode motorar, gode rom for mannskapet, ekkolodd, radiotelefoni, hydraulisk vinsj og spel til \u00e5 hala inn liner, not og garnlekkjer. &#8211; Ja, korleis kunne eg dr\u00f8yma om slikt d\u00e5 eg femten \u00e5r gamal gjekk om bord og skulle vera med p\u00e5 fyrste vinterfisket mitt!<br \/>\nDet fylgjer inga kvide med det som eg nett no emnar p\u00e5: \u00c5 vera med p\u00e5 vinterfisket 1956.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Utdrag fr\u00e5 Edvard Os `bygdebok : SELJE OG V\u00c5GS\u00d8Y, Henrik G. Solv\u00e5g fortel om fiskev\u00e6ret Silda: \u00a0\u00a0\u00a0\u00a0 F\u00f8r motorane kom var det p\u00e5 Silda 3 rorbuer med 2 losjirom til 2 b\u00e5tlag i kvart rom og 2 rorbuer med rom til 1 b\u00e5tlag i kvar. B\u00e5tlag elles leigde seg inn hj\u00e5 bygdefolket. S\u00f8rhamna vart nytta [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-1110","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1110","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1110"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1110\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1127,"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1110\/revisions\/1127"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.silda.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1110"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}