2023 Årsmøtet

Silda velforening — årsmøtet 08.04.2023 Referat,

Grunna Pandemi vart det ikkje gjennomført årsmøte i åra 2020 – 21

Frammøtte 22 personar. Styreleiar Tore Johansen ønskte velkomen

1. Konstituering

Forslag: Møteleiar Sindre Langlo. Referent Paul Sundnes, to til å signere møteboka:
Helge Hennøen og Anette Wik Silden. Alle valde ved akklamasjon

2. Styret si årsmelding for 2022. Gjennomgang ved styreleiar Tore. (Sjå årsmelding 2022). Samrøystes godkjend

Styret i perioden:
Leiar: Tore Johansen,
Sekretær: Chantal Silden Langlo
Kasserar: Unni Silden Hennøen,
Styremedlemar; Gerda Silden Totland, Leif Magne Wik
Varamedlem: Jarl Magne Silden, Kari Sølvberg Silden
Valnemnd: Sissel Brunsvik og Anette Wik Silden

3. Rekneskapen for laget: Unni leverte rekneskapen med årsresultat. Kr. 121.357,49 ved årsskiftet (sjå rekneskap for 2022)

Inntektene kjem frå Norsk tipping (Grasrotandelar) men lite frå medlemspengar.

Laget hadde 18 betalande ved årsskiftet 22/23.

Økonomien til Silda Velforening er god, men gir ikkje opning for impulsive satsingar.

Spørsmål frå salen: Kvifor så få medlemar? Kan det sendast ut giro med krav til medlemar? Kva med medlemsliste på nett? Korleis vert medlemspengane purra? Her kan det gjerast meir. Folk veit ikkje om dei er medlem, har betalt eller kvar dei skal betale og når. Kanskje off. oppdatering av medlemsliste på FB og silda.com, for eigenkontroll?. Utsending/purring pr brev/faktura vart for dyrt. Kva med utsending på e-post vart det spurd? Styret må vurdere dette nærare. Tidlegare var medlemsliste med e-post adresser på nett, det var då lett å purre.
Datatilsynet presisert i 2017 at å legge ut private e-post adresser i off. list er brot på personvern.

Men: Styret kan ha ei eiga lista med e-postadresser, som kan nyttast av styret.
Semje: Styret forslo uendra medlemspengar Kr. 300 pr år

4. Val: Valnemnda sitt forslag vart samrøystes vedteke

Til styret: gjennval for 1 år: Gerda Silden Totland, Tore Johansen, Leif Magne Wik

Valde for 2 år: Ann Mari Silden, Margun Kvalheim Rae

Vara for 1 år: Jarl Magne Silden, Sindre Langlo

***********
Styret hadde merka seg at SiVe kan markere sine første 20 år, og hadde skaffa ei marsipankake som vart servert i kaffipausen på årsmøtet.

Kva har SiVe arbeidd med/fått utfør ??? Gerda hadde laga ei liste over mange av sakene: (sjå liste)

Semje: Laget trengst og bør halde fram sine aktivitetar.
Det nye styret må arbeide vidare med korleis ein kan få auka medlemstalet, og betre innbetaling/ verving

Styret har registrert VIPS- konto på Silda Velforening: 795747

4. Aktivitetar i laget siste året:
* Styret har skrive fleire brev til Vestland og Kinn kommune ang. båt til Silda. Øyglimt har vist seg svært nyttig, også i samband med stormstenging av Måløybrua. Styret treng hjelp/ tips til kva meir som kan gjerast.
* Styret kalla onsdag i påskeveka inn til produksjon av plantekasser, for blomster langs vegane. Desse må plasserast og fyllast av mold og blomster i mai. Styret vil annonsere ein dugnad for dette på FB.

5. Saker til drøfting (etter innmelde)
a. Det har kome spørsmål om laget kan dekke kostnaden med slått av området nedanfor skule. Grendahuset og Bedehuset har sist sommar leigd ein person til å slå områda der.
Det låg ikkje ved kostnadsramme og planlagd slåtte-aktivitet.
Semje: Laget kan ikkje ta på seg oppgåver utan å vite den økonomiske konsekvens. Området langs sjøen vil naturleg gå inn i ein fellesdugnad.

b. Kva skjer med stien til Kirkeneset, med sitt minnesmerke? Stien bør ryddast og merkast meinte Andreas Rundareim. Det vart stilt spørsmål om kva avtalar som er for minnesmerket? Kva grunneigarane meiner om stien? Kven eig eller har ansvaret for minnesmerket? Er dette freda område?
I debatten vart det også nemnt at Måløy Venture arbeider med planer for turistbesøk til Silda, i samarbeid med turist-skip i Måløy.
Semje: Styret kan støtte, om der er frivillige interessentar som vil utgreie, korleis grunneigarar stiller seg til ein offentleg sti ned til minnesmerket.

c. Andreas Rundereim har ad omvegar fått kunnskap om livbåten til «Skonerten Marie» som losen Velum i Silden truleg brukte då han miste livet. Båten står no lagra på Fiskevegn- Flateraket. Andreas, med fleire, fekk på plass ANKARET. Det er att litt pengar, etter den SPLEISEN. Andreas forslår å sette opp eit grindanaust av Sidtkagran ved Statsbrynnen. Der livbåten stå under tak som ein del av minnesmerket ved ankeret.
Semje: Som i sak b må det her vere særleg interesserte som stiller seg i spissen, og utarbeider ein plan. Styret kan ikkje ta på seg dette, men laget kan vurdere ein søknad om støtte nå det ligg føre ein plan med økonomisk ramme.

d. Kva skal SiVe arrangere – lage eit årshjul?
Vedlikehald stiar, Bassar, Bingo, Hattefestar, Dugnadar, Div. arangement til felles nytte.
Semje:Alle slike tiltak bør gjerne organiserast i samabeid med SildaVelforeining sitt styre, men kan ikkje vere eit pålegg til styret.

e. «Heimesida Silda.com». Dette digitale arkivet var tenkt å vere ein stad det alle kan finne informasjon om Silda og aktivitet på øya. Silda.com er eigd av SiVe – og er laget sitt arkiv.
Denne må ha ein ansvarleg «redaktør», men med fleire «brukarar», som har tilgang og kan legge inn informasjon. Silda.com må koplast til «FB Silda velforening og venner oppretta av Ole Sætren.
Semje: Paul kan ta på seg å vere «redaktør» for «silda.com» i eit år, men styret må leite etter folk som kan få tilgangar for å legg inn og redigering.

f. Sauebeiting på Silda. Ole Sætren gav melding om at det ikkje lenger vil bli vinterbeiting på Silda, i hans regi. Det krev for mykje arbeid og for mange utfordringar – innkjøp og transport av grovfor med meir.

Ansvarleg for referatet Paul Sundnes ref. med signatur