|
Referat frå årsmøte i Silda Velforeining, påskeafta 2011.
Sak 1.Velkommen v/leiar. Leiar Sølvi Silden ønska velkommen til årsmøtet 2011.
Sak 2.Val av møteleiar og referent. Paul Sundnes vart vald til møteleiar. Sissel Brunsvik vart vald til referent.
Sak 3.Styret si årsmelding. Leiar Sølvi Silden orienterte om styret si årsmelding for 2010. Viser til Årsmelding frå Silda Velforeining.
Sak 4.Rekneskap for 2010. Kasserar Liv Wik Silden orienterte om reknskapet for 2010. Viser til skriv om Årsoppgjer – Silda Velforeining 2010 Årsmøtet godkjendte reknskapet for 2010, med eit par merknadar.
Spørsmål til postar i rekneskapen
a. Heimesida 6000 kr. Robert Våge har fått betalt for tilrettelegging av heimesida. Han har fått den opp å gå , men vil ikkje drifte den.
Paul Sundnes sa seg villig til å drifte heimesida frå sommaren 2011. Han oppfordra alle til å sende inn stoff og bilde til: epost adr:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
b. Sakte fart skilt forn hamnene. ASVO har fått betalt for sakte fart skilt. Det er kjøpt inn og skal setjast opp før sommaren, eit på nordre havna og eit på søre hamna.
Sak 5. Budsjett for 2011, og fastsetjing av medlemskontingent. A Forslag frå styret : kjøpe hjartestartar kr. 14988,-
Det vart frå årsmøte peika på at dette vedtaket alt var gjort i årsmøte 2010 Forslag frå årsmøtet om å arrangere førstehjelpskurs (med særskilt vekt på hjarte- og lungeredning og bruk av hjartestartar). Styret prøver å få lagt kurset til 2.veka i juli 2011, det vil bli offentleggjort på heimesida til Silda Velforeining. N.B! Påmelding til leiar Sølvi Silden
Styret tek kontakt med Redningsselskapet og Røde kors og avgjer kjøp av hjartestartar og evt. innkjøp av båre. Styret sender søknad til Gjensidigefondet og Norsk Luftambulande om støtte til hjartestartar.
B.. Landingsplass for helikopter. – Ole Sætren har vore i kontakt med Helse Førde om landingsplass i enden på hovudkaia Han vil ta kontakt igjen for å sjekke om det må takast vekk ein påle som står på kaia. Helse Førde vil og vurdere om dei kan lande andre plassar.. C. Fliskuttar som vart leigd sommaren 2010 gjekk med litt underskot. Det vart reist spørsmål om å leige fliskuttar sommaren 2011, men det var ingen interesse for dette. D. Opprusting av veg til Skjærbuda. Sindre Langlo og Ole Sætren får ansvar for å finne beste løysing innanfor kr.10000,-. (Dei vurderer bruk av veggrus og duk). Det kjem innkalling til dugnad.
E. Kontingenten for 2012 vert uendra kr. 300,- Årsmøtet oppfordrar fleire til å bli medlem i Silda Velforeining. Medlemslista vert lagt inn på heimesida.
Vedtak om budsjett. Kr.20000,- til hjartestartar, Kr.20000,- til helikopterlandingsplass, Kr.10000,- til veggrus, Kr.12000,- til båtruter
Årsmøtet ga styret fullmakt til å setje opp endeleg budsjett for 2011.
Sak 6 Informasjon: Båtruter. Paul Sundnes har vore i kontakt med Fjord 1, og kunne opplyse om at det er Fylkeskommunen som gir løyve til ”flaggrute”, anløp på signal, med Bergensekspressen. Årsmøtet ga Paul Sundnes løyve til å sende ein søknad om båtrute på vegne av Silda Velforeining til Sogn og Fjordane Fylkeskommune si trafikknemnd. Søknaden gjeld anløp på Silda med Ekspressbåten på nordgåande rute fredagskveldar i eit gitt tidrom, frå påske til 15.september 2012.
Sak. 7. Val. Orientering om val ved leiar av valnemna Svein Wik
To styremedlemar var på val: Monica Christensen og Liv Wik Silden . Desse vart gjenvalde.
Varamedlemmane Sindre Langlo og Paul Sundnes vart og gjenvalde. Funksjonstid 1 år.
Revisjonskomiteen beståande av Eva Silden og Helene Larsen var på val. Eva Silden vart attvald og Karin Nygård vart vald som nytt medlem. Funksjonstid 1 år.
Valkomiteen for 2011 beståande av Svein Wik og Vigdis Rygg stod på val. Svein Wik tok ikkje gjenval. Vigdis Rygg vart gjenvald og Jorunn Sætren vart vald som nytt medlem.
7. Innkomne saker. Straumsituasjonen på Silda. Orientering v/Åge Silden. Det skal vere eit møte med SFE 27.april 2011. Åge Silden, Ole Sætren, Per Tore Rutledal møter. Dei gir ei orientering til styret etter møtet
Referent Sissel Brunsvik
ÅRSOPPGJØR - SILDA VELFORENING 2010
|
INN |
UT |
| Saldo pr 31.12.2009 |
kr 50 067,00 |
|
| Medlemskontigent 2010 |
kr 19 500,00 |
|
| Betalt for kveldsruter i 2009 |
|
kr 12 474,00 |
| Frimerke |
|
kr 850,00 |
| Div kontorrekvesita (konvoluttar osv) |
|
kr 253,00 |
| Kjøpt div redskap |
|
kr 2 580,00 |
| Blomster til kassene |
|
kr 1 404,00 |
| Bet Robert Våge for tilrettelegging |
|
|
| hjemmeside til Silda.com |
|
kr 6 250,00 |
| Innskudd – leige av kvistmaskin |
kr 2 400,00 |
|
| Innskudd – diverse grillfest |
kr 400,00 |
|
| Bet Asvo for leige av fliskutter |
|
kr 3 750,00 |
| Bet Asvo for «sakte fart skilt» |
|
kr 1 720,00 |
| Omkostninger |
|
kr 284,00 |
| Renter |
kr 47,00 |
|
|
|
|
|
kr 72 414,00 |
kr 29 565,00 |
|
|
|
| Saldo pr 31.12.2010 |
kr 42 849,00 |
|
Liv Wiik Silden - kasserer
|