Krigshandlingar 1814 Sildegapet og Ervik
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/866635.html

Under Napoleonskrigane var det plassert 2 kanonskonnertar og ein kanonjolle på losstasjonen på øya Silda. 23. juli 1810 gjekk to engelske fregattar, ”Nemesis” og ”Belvedere” til åtak på den vesle flåteavdelinga. Skipa vart konfiskerte og mannskapet teke til fange. Sokneprest Gabriel Heiberg, som hadde ansvaret for landforsvaret under episoden som seinare vert kalla ”Affæren ved Silden”, vart seinare stilt for krigsrett for handlingane sine. Dagen før hendingane kring Silda, hadde engelskmennene vore i land i Ervik. Bygdefolket hadde rømt unna, og soldatane tok rassia i gardshusa i Ervik.

Seilfjell-tragedien
http://www.nrk.no/distrikt/sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1548693.html

2. januar 1971 gjekk linebåten ”Seilfjell” frå Silda ned i storm på Vikingbanken. Ni mann omkom – seks av dei frå a Silda, og alle i familie med kvarandre.

Shetlandsfarten under krigen
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1225095.html

Shetlandsfarten førde til at fiskeflåten i Sogn og Fjordane vart sterkt redusert under 2. verdskrig. Av dei 300 norske båtane som drog til Shetland, kom 50 frå Sogn og Fjordane, og av dei 41 fiskebåtar. Med desse reiste omlag 500 personar. I Vågsøy var største våpenlageret plassert på øya Silda.

Telavågaksjonen

Telavågaksjonen 1943 førde til opprulling av våpenruter og motstandsgrupper også i Vågsøy kommune. Våpenruta frå Vetvik på Bremangerlandet førde til at Sverre Skibenes og Ragnar K. Solheim i Måløy vart arresterte og sende til KZ-leir i Tyskland. På Silda vart 5 mann arresterte og sende i fangenskap: Marius Silden, Rasmus N. Silden, Mons N. Silden, Andor N. Silden og Per Sætren.

Silda går frå Selje til Vågsøy Kommune
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1237216.html
Ved kommunereguleringa (Schei-komitèen) 1965, vart Sør- og Nord-Vågsøy kommunar slegne saman, med Måløy som administrasjonssenter. I nord fekk Vågsøy kommune tillagt bygdene Sørpollen, Osmundsvåg og Silda frå Selje kommune.