|
LOSAR PÅ SILDA Villum Janson Silda f 1829, vart los i lag med far sin i ung alder. Han er best kjend med namnet Velom i Sildene. Velom var ein uvanleg stor, sterk og snedig kar, hallingdansar, vidgjeten spelemann, meisterbrytar og uvinnelig i ryggtak, ein uvøren vågehals med mange los-bragder. Ein gong tok han eit farty utfor Furestaven og losa det heilt til Trondheim, endå han aldri hadde vore så langt før. Han vart ikkje gamal, berre 33 år. Om siste bragdene og den dramatiske slutten på livet hans er fortalt i utgreiinga om forlis, sjå der under 1862
FORLIS OG SJØULUKKER Det forliset som var mest omtala ut gjennom slutten av 1900talet, var det i jula 1862, då losen Velom i Sildene kom bort saman med 5 andre. Han var ein ovkar på fleire måtar, med gjetord både som spelmann og los. 14. des. 1862 låg eit skip vest for Stad og signaliserte etter los. Villum tok ut og losa det inn på nordre Sildahamna. Det var skonnert Marie av Drammen, lasta med kol frå England til Trondheim. Skipet hadde hatt ei stri ferd, var mykje seglslite og trong ei tid til å bota skaden. Kaptein Otto Schmidt ville la skipet liggja jula over i Silda. Sjølv heldt han jul på Vågsberg hjå handelsmann Chr. L. Berg, og sette styrmannen og losen til å greia med skipet. 2. juledag om kvelden var det etter gamal skikk dans i søre Silda, og denne gongen hjå losen. Han skulle gifta seg til våren, og kjærasten, Elisabet Flatrake, var flytt. heim til han, såleis som skikken var då. Ved midnatt tok det til å blåsa opp frå nordvest med snøkave. Mannskapet på 5 mann gjekk då om bord i Marie. På hamna låg ei dansk jekt og. Det var den gongen ikkje bygt molo her, det var berre ei open, naturleg hamn. Noko etter kom det bod etter losen. Han måtte koma om bord. Dei ottast for storstorm, for dei hadde sett eit lite barn hoppa på sjøen frå skipet, eit visst førebod på storm. Velom gjekk om bord. No var det grunnfall, og stormen auka til orkan, kanskje den verste på mange år. For i lang tid etterpå bruka karane å jamføra uver med det som hadde vore då han Velom i Sildene kom bort. - Gjennom orkanen høyrde folk rop frå skonnerten og såg av lanternene at han dreiv av. Ankerkjettingar og landtau slitna, skipet dreiv fyrst ned på ein båe, der det truleg fekk hol, kom laus att og dreiv inn mot Venøyna. Men i snøkaven og mørkret var det uråd å sjå kvar det bar av. Då veret stilna av 3. juledag, fann dei kahytta med kompasen driven i land mellom Sandvika og Flister. Men livbåten fann dei inst i Nordpollen. Båten Iåg på rett kjøl, og to luver låg på tiljene, noko som folk undra seg mykje over. Dei trur at skipet har gått under på Mannebeinen, ein båe ved Venøytongane. Her har fiskarane fått opp ymse tre- og jarnstykke med garna og linene sine. Det er fortalt at Elisabet straks 3. dag fekk med seg fire mann på ein seksring og tok ut på leiting etter kjærasten. Dei granska fjøra langs Venøyna og tilgrensande strender, men ingen vart funnen av dei bortkomne. |
