NYE HANDELSPLASSAR
Utdrag frå Edvard Os `bygdebok : SELJE OG VÅGSØY, 1957

Silda er venteleg eit av dei eldste fiskeværa i Selje, hamn for skip som laut bia på lagleg bør til å runda Stad på nordveg, og losstasjon for Stad-losane.  Her kjem øya med i det som er fortalt i utgreiingane om samferdsle, hamnestell og losstell.  Nemnande handelsstad har det aldri vore.  Noko var der no likevel av og til etter opplysningar i for­mannskapsmøteboka for Selje.

I 1865 opna Rasmus Johannesson landhandel og gjesteheim med øl- og vinrett her.  Korleis han dreiv det, er ikkje opplyst.  Han er nemnd sist i 1869 med 10 spdl. årsavgift for ølsal.

Bakar Nils Olsen er nemnd her frå 1868 og utetter.  Til ny søknad om handelsrett i 1874 er gjort denne merknaden: ”Skatter uerhol­delig". -

Til seljar hadde han Brø-Arne frå Stryn.  Det vert fortalt at når han førde brød til Måløy, så selde han frå båt etter som han rodde fram med land.  Ut for gardar og grender i ruta ropa han så det ljoma inn mot land og lyste ut varene sine: ”No e' her gode brø og siropskake!  Eg skal te' nå Jakob Utigard (Våge) med siropsbrø!”

I 1876 har Johs.  T. Engum teke over verksemda her.

I 1871 dreiv Arne 0. Visnes vanleg landhandel med rett til å selja øl og vin på Flores salteri. Retten vart nya opp att i 1874, sia er han ikkje nemnd.

Peder Totland dreiv og saltebu her ei tid, men hadde slutta med det i 1874.  Då skriv han i ei klage på skatten, at han ikkje dreiv ”salteri” - d.e.sild-og fiskekjøp for sal - berre ”Iosjihus”.

Den landhandelen som er der no, har kome til i seinare tid.